søndag 17. april 2011

Koreatur

Denne påska har eg ein litt uvant destinasjon på påskeferien: 
Sør-Korea. Saman med to svigerinner reiser vi til Busan for å besøkje broren min, Terje og kona hans, Marit.

Vi tok fly til Hesinki via Oslo. Deretter bar det til Seoul med Finnair. Flyturen tok litt over 8 timar. Det var heilt greitt å vere i fly så lenge. Vi las litt, åt og sov. I tillegg rakk eg å sjå 'Kongens tale' med Colin Firth.

I Seoul måtte vi bytte flyplass - frå Inchenon til Gimpo. Der kjøpe vi bilett til Busan. Vel framme vart vi helsa med norske flagg. Då var klokka 8 lokal tid, 01 norsk tid.
For å kome inn i koreansk tid var det viktig å kome raskt i gang med aktivitetar. Vi var ganske trøytte, men etter ein dusj kom vi oss ut på sightseeing. 

Marit og Terje bur i 42.etg i blokka til høgre.
 
Vi gjekk her i området og enda opp på Starbucks.
 Var også innom eit bakeri og der hadde dei svele! (ok, noko som likna då).



Då vi kom tilbake til blokka, fekk vi teste trimromet. Rettare sagt, fotmassasjeapparatet. Herleg.


 Før vi gjekk ut kosa vi oiss med champagne og jordbær. Slettes ikkje verst å vere på feire. 

På tur bør ein ha litt lokal valuta. I Korea heiter denne Won og har mange nullar å halde styr på. Eg skulle ta ut litt pengar. Tenkte på ca. 500 kr, som blir 100 000 Won. Av ein eller annen grunn hadde det sneke seg på ein 0 til - og vips var eg won-millionær! So lett kan det vere å bli millionær.
 Vi reiste til Novotel for å ete. Dei har ein flott buffet med mykje og god sushi. Både Bente og eg var spente sidan vi ikkje hadde smakt dette før.
Her er det eg plukka med meg på fyrste runde.

 2.runde - ein kokelur. Bente også tok ein - Anita sa dei var soooo gode.
 Litt nervøs før spising.



Lurer på kvar kokeluren er no?
 Treng vel ikkje kommentar til dette biletet..
 Bente og min dom var at kokelurar ikkje var noko særleg. Dei var veldig vanskelege å tygge og forsvann liksom aldri. Kva smak det var, veit eg ikkje. Den blei skylt ned med drikke:-)
Elles så var sushi erfaringa positiv. Mange gode variantar som vi dyppa i skål med soyasaus og wasabi.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar