torsdag 19. april 2012

Riddarleg

Eg har fått bestilling på eit kort til eit par. Det skulle vere i brunt og ikkje for søtt. I tillegg ville eg gjerne ha med nokre symbol som eg synest passar, kors, visjonen til Hans Nielsen Hauge og eit riddersymbol. I tillegg er der ein pin i gull. Eg likar godt å vite kven som skal ha korta eg lagar og prøver å finne fargar / ting som passar til vedkommande.
Håpar eg treff med dette.