søndag 24. april 2011

Fotpleie

Etter ein regnversdag var det godt med sol igjen. Her ved blokka til Marit og Terje bles det godt, men når vi kom bort til Haendue beach vart det noko heilt anna -eit teikn på  sommar. Vi gjekk langs heile stranda og såg på barnefamilier, kjærastepar, eldre, yngre og dei midt i mellom. Alle kosa seg i varmen. Nokre fyrar hadde kasta det meste av kle og var ikledd berre stringtruse! Show off med andre ord.





Her er Novotel der vi har spist sushi to gongar og skal tilbake på champagne brunsj på søndag.


Veldig mange koreanarar er varsame med å få farge i ansiktet. Då er desse store bremmane gode å ha.


Her nyt vi sola og litt brus. Vi vart faktisk solbrende.



På veg tilbake til leiligheita stoppa vi på eit bakeri og kjøpte kaker. Jordbær kjøpte vi også. Sidan vi er blitt godt vande, vanka det også champagne til.



Så var det tid for fotpleie. Vi hadde fått time alle tre og det gledde vi oss veldig til. Skulle både skrubbast, masserast og lakkast.
Her er eit førbilde av ein av oss.


Deilege massasjestolar.








Her ser du mitt resultat - supernøgd. Det blir kun sandalar heretter.



Til middag skulle vi ete Galbi. Det er ribbekjøt av storfe eller gris. Vi plukka ut dei pakkane vi ville ha og gjekk opp ei etasje for å få bord.



Galbi grillar ein sjølv ved bordet. Nede i bordet er det eit hol der dei set ei grillpanne med ei rist over. Så er det berre å setje i gong å grille.


Vi fekk mykje forskjellig tilbehør.



 



Det var nydeleg god mat og her ser de tre nøgde damer.





Vi avslutta kvelden med ein tur på bar.




Eksklusiv shopping

I dag pøsa det ned med regn. Vi bestemte oss derfor for å fare på eit shoppingsenter. Anita ville gjerne sjå på ei veske ho hadde lyst på. 
Vi fekk sjå ein ting til av verdas største - shoppingsenteret Shinsegae. Her hadde dei mange eksklusive butikkar og vi var innom både Burberry og Mulberry for å sjå på vesker. Ikkje heilt min stil eller prisklasse, men å sjå var gratis. Dei som jobbar der har på seg hanskar så det det ikkje skal kome flekkar på veskene. Det vart ikkje handel denne gangen. 
Vi kjøpte der i mot sko. Eg kjøpte conversesko og Anita og Bente kjøpte joggesko. Endeleg eit par som passa meg. Er sikkert herresko, men det er like greitt for meg.


Sidan vi hadde hatt ein sein frukost, tok vi berre litt frukt til lunsj. 

Til middag reiste vi til ein indisk restaurant. Det var nydeleg godt.


lørdag 23. april 2011

Silkeband i massevis

I dag har vi vore i ein kortlagar sin 'heaven'. Vi for til blomstermarkedet og der hadde dei berre sååååååååååå mykje silkeband. Eg kunne ha kjøpt heile butikken. Må innrømme at eg kjøpte ein del og det var berre så billeg. Fantastisk. Skulle gjerne kjøpt meir.
I tillegg hadde dei sjølvsagt massevis av blomar. I alle fargar og fasongar. Fantastisk nydeleg.




Desse vil eg ha med Steve:-)



Heaven... 




Etter blomstermarkedet reiste vi til Busan museum.
Her fekk vi eit innblikk i historia til Busan. 
Det er ganske fantastisk å tenkje på at på 1950-talet budde der ca. 200 000 menneske her. Som fylgje av Korea-krigen flytta det ca. 1 mill. menneske hit. No bur her vel 4 mill. menneske!


Nydelege hagar utanfor museet.




Etter museumsbesøket tok vi ein tur til FN-kyrkjegarden. Her ligg dei allierte sine falne under Korea-krigen. 2300 i talet. 





Det var 3 norske som fall under denne krigen, 1 av dei ligg gravlagd på denne kirkegarden.







Gulldekk er eit must;-)




Til lunsj hadde voi vietnamesisk mat - veldig godt.


Vi sat ute då det var ganske fint ver, men det blåste bra.


Her er 'fangsten' min frå blomstermarkedet.


 Då vi kom heim bar det rett i 'stampen' som Marit kallar det. Nydeleg å skrubbe seg og gå i det varme vatnet. Varme og raude kom vi opp. Vi fekk forespørsel om vi ville gå på Novotel å ete sushi. Det ville vi sjølvsagt.

 Etter sushien for vi til ein bar. Her spelte vi dart og kosa oss.
Her ser du premien som Terje vann på pilkast - 5 treff av 5 mogelege!










Bente traff Bull's eye! Sjå kor nøgd ho er.



I Korea kosar dei seg med steikt spagetti saman med eit glas øl. Det var faktisk veldig godt.