Viser innlegg med etiketten fam. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fam. Vis alle innlegg

onsdag 18. juli 2012

Kort til 60-års jubilant


På søndag feira vi broren min, Jostein, som vart 60-år måndag. Han er ein kjempekjekk og snill kar som held seg godt for alderen.


Likevel fekk han nokre hjelpemiddel 'just in case' - briller og barne-spisepinnar. Kjem sikkert godt med :-D


Eg laga eit kort til han med eit bilete frå då han var liten. Her er han saman med Mariann, Terje, mamma og pappa. Eit nydeleg bilete, synest eg. Elles pynta eg kortet med ting som eg synest representerer jubilanten.



Syskjenbarntreff

Sist helg var eg på syskjenbarntreff på Lisjenesbuda.


Det var syskjenbarna på både mamma og pappa si side, så her hadde vi folk frå Hundsnes og Lillenes slekta. På menyen fredag var det reker.


Den yngre garde synest det var kjekt å fiske - det vart fleire makrellar på dei.




Som takk til arrangørane hadde Marit og Terje kjøpt gåver som dei kan bruke ved ei seinare anledning - skalldyrsett.


Laurdagen for vi på busstur.


Fyrste stopp var Ishavsmuseet Aarvak på Brandal. Lillenes-slekta har lange tradisjonar innan ishavet, men på Brandal var det den bygda si lange ishavshistorie som vart vist fram. Oldemora vår på Lillenes-sida, Oline, kom frå Brandal.












Denne skuta heiter Aarvak. Den har dei bygd eit spesialkonstruert hus rundt. Det var kjekt å få kome ombord å sjå korleis det såg ut på ei ishavsskute. Aarvak er frå 1912. Eine onkelen min var stuert ombod her.







Det var trang om saligheita for mannskapet. 


Her er mine tre brødre og dei tre 'gutane' frå Kyrkjesæterøyra. 
Broren min Terje kom heilt frå Korea for å vere med på treffet.



Etter at vi var ferdige på Brandal skulle vi køyre rundt Gurskøya, men vi for fyrst opp på Drageskaret. Der hadde vi lunch og naut utsikta. 


Nydeleg spekemat med tilbehør.






I det gule huset budde besteforeldra mine på Hundsnes-sida etter at huset deira brann. Herifrå flytta dei inn til Hauge der dei etterkvart bygde opp nytt hus - i mur.


 På kvelden var det grillings og kos i Lisjeneset.













Kurt arrangerte både konkurranse og leik - veldig populært.


Ka konkurranseinstinkt...


Skal tru kva som går føre seg  her...