mandag 18. april 2011

Bryllaup

I dag fekk vi vere med på eit koreansk bryllaup. Det føregjekk på eit såkalla 'Wedding house' der det er fleire etasjer med vigselsrom. I nokre av etasjene er det restaurant, slik at etter seremonien får ein ein bilett som gir ein tilgang på ein stor buffet.

Det var ein av Terje sine kollega, Im, som gifta seg. Når vi kom stod han å helsa på gjestane medan den blivande fru, Yoon,  sat inne på eit lite rom og vart fotografert av dei som måtte ynskje det. Ho sat rett og slett på utstilling. 

Mødrene til brudeparet hadde på seg tradisjonelle koreanske drakter, hanbok. 


Sjølve vigselen var det virkeleg fres over. Vi forstod sjølvsagt ikkje kva det vart snakka om, men kroppsspråk og musikk m.m. hjalp til. Av uvante element i høve norske bryllaup kan eg nemne at brudgommen kraup foran både svigermor og si eiga mor. Dette er eit teikn på takksemd.

Han måtte også ta armhevingar med bruda på ryggen - for å vise styrke. Det går som regel greitt sidan koreanseke kvinner er spebygde og relativt lette. Ikkje sikkert den skikken hadde passa så godt i Norge;-)
Elles var det mykje lyd, lys og klapping. Der var ei dame som spelte fiolin og ho var kjempeflink. 

Etter vigselen var det tid for fotografering. Brudeparet hadde allereie tatt masse bilete som var hengt opp før vigselen. No var det mest familiebilete og bilete saman med kollega. Både Marit og Terje var med på bilete.

Etter vigselen var det som sagt mat. Massevis av mat og massevis av folk. Sidan alt stod på koreansk er det ikkje lett å vite kva vi åt i dag, men vi var flinke til å prøve. 

Vi vart og introdusert til ein drikk som heiter Soju. Dette er ein veldig populær drikk i Korea. Det er ein veldig svak sprit. Ikkje vond å drikke, men heller ikkje spesielt god, synest eg.
Etter maten brukar gjestane å dele seg. Dei som høyrer til brudgommen fer til ein plass, mean dei som høyrer til bruda fer ein annan plass. Så kjem brudeparet innom på dei to plassane før dei dreg vidare på bryllaupsreise. Desse to skulle til Phuket.

Vi har og gått litt på sightseeing i dag. Vi gjekk langs sjøen til Apec-bygget. Det er ei rund bygning som vart bygt i høve Apec-møtet som var her i 2005. Då var det medlemmar frå USA, Australia, Russland og fleire andre land som møttest her i Busan
Sidan det har bygget fungert som eit museum. Vi gjekk i gjennom det, men det var stengetid så vi fekk ikkje vere der noko lengd. Ute i parken såg vi nydelege kaniner. 
Sjølv om det har vore fint ver i dag, bles vinden ganske godt. Nesten som på Sunnmøre. Vi måtte kle godt på oss då vi gjekk ut.











 Til middag i dag laga vertane til Bulgogi. Dette er marinert biffkjøt med litt grønsaker. Det vart servert saman med ris. Vi tok eit sesamblad og la ris, bulgogi og kimchi(nasjonalrett med bl.a.kål, reddikar, kvitløk, chili - kan vere strek) på. Saman med dette åt vi ei type nepe og tørka tang. Nydla godt.


Kimchi

Sesamblad

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar