Viser innlegg med etiketten gåve. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten gåve. Vis alle innlegg

fredag 14. juli 2017

Gåve til ei venninne


Ei av venninnene mine fylte 50 år for litt sidan. Tenkte ho skulle få ei god flaske vin og at eg ville lage eit kort e.l. til ho. Kom over ein mal på vinboks på Scrapomania sine sider, så den laga eg. Dette er ei dame som likar fargar, så det måtte sjølvsagt vise igjen på boksa. Fann dette fine arket i bunken og det heldt akkurat. Ideen til kortet var at uansett kor  mange år ein fyl, er det berre eit tal. Stansa derfor ut ulike tal som eg embossa og limte på tagen. 50 fekk litt annen farge, så dei embossa eg med ein annen farge.




No er gåva klar til overlevering.