søndag 24. april 2011

Eksklusiv shopping

I dag pøsa det ned med regn. Vi bestemte oss derfor for å fare på eit shoppingsenter. Anita ville gjerne sjå på ei veske ho hadde lyst på. 
Vi fekk sjå ein ting til av verdas største - shoppingsenteret Shinsegae. Her hadde dei mange eksklusive butikkar og vi var innom både Burberry og Mulberry for å sjå på vesker. Ikkje heilt min stil eller prisklasse, men å sjå var gratis. Dei som jobbar der har på seg hanskar så det det ikkje skal kome flekkar på veskene. Det vart ikkje handel denne gangen. 
Vi kjøpte der i mot sko. Eg kjøpte conversesko og Anita og Bente kjøpte joggesko. Endeleg eit par som passa meg. Er sikkert herresko, men det er like greitt for meg.


Sidan vi hadde hatt ein sein frukost, tok vi berre litt frukt til lunsj. 

Til middag reiste vi til ein indisk restaurant. Det var nydeleg godt.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar