tirsdag 19. april 2011

해동용궁사




Måtte ha med litt koreansk skriftspråk også. Språket kallar dei hangul
I overskrifta står det Haedong Yonggung. Det er eit tempel til ære for havguden og ligg litt aust for Busan.

Rundt heile området dreiv ein å sette opp stativ for å henge lys på. Dette gjer dei fordi det snart er Buddah sin bursdag og då skal det pyntast med lanterner. For mine bilete er det derimot veldig skjemmande, men slik er det no eingong. Blir heilt sikkert fint når dei får opp lysa.




 Ved tempelet finn ein og mange Buddahfigurar frå ulike faser. 



Det skal bety lukke å stryke Buddah på magen - det er lov å håpe...


Vi fekk sjå at folk ba i tempelet og utførte ritual.



Sør-Korea har over 10000 tempel. Buddhisme og kristendom er dei største religionane her. 




Det som ser ut som hakekors, betyr rett og slett attraksjon.








Her sit dei å lagar til lysa.





Cherry blossom har nettopp vore og fortsatt er det nokre kirsebærblomar igjen på trea. Nydeleg!


Sånne fotballstolar vil eg og ha. For tungt å ta med heim?


Etter tempelbesøket åt vi lunsj og so for vi til eit lite marked. Her hadde dei masse forskjellig. Store og små tankar med levande fisk, krabber og hummar. Eg tok ikkje med kameraet, så eg har ingen bilete her ifrå. Trur vi skal på eit nytt marked i morgon.
På veg til dette markedet kom vi over ein skobutikk. Det var bra for nokon. Det har seg nemeleg slik at ikkje alle av oss kan rekne med å finne kle og sko som passar, men Bente kan. Til gangs! Her ser de resultatet etter 30 minutts 'arbeid':


Eg kjøpte ein triveleg Buddah i gåve. 


Her er ei kake som dei selde ved tempelet. Den lukta som nysteikte vafler. Det er deig som er kokt i olje med bønnepure!! inn i.

Dagen vart avslutta heime med middag og frisk frukt.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar