Viser innlegg med etiketten bokser. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten bokser. Vis alle innlegg

fredag 14. juli 2017

Gåve til ei venninne


Ei av venninnene mine fylte 50 år for litt sidan. Tenkte ho skulle få ei god flaske vin og at eg ville lage eit kort e.l. til ho. Kom over ein mal på vinboks på Scrapomania sine sider, så den laga eg. Dette er ei dame som likar fargar, så det måtte sjølvsagt vise igjen på boksa. Fann dette fine arket i bunken og det heldt akkurat. Ideen til kortet var at uansett kor  mange år ein fyl, er det berre eit tal. Stansa derfor ut ulike tal som eg embossa og limte på tagen. 50 fekk litt annen farge, så dei embossa eg med ein annen farge.




No er gåva klar til overlevering.

onsdag 5. oktober 2011

Sprek boks



Dei siste dagane har eg jobba med ei boks eg fekk bestilling på. Det skulle vere til ei sprek dame som likte fjell, fjøre og fine fargar! Ikkje den enklaste kombinasjonen for meg, eg har ikkje så mykje 'natur' blant scrappeytstyret mitt. Heldigvis betydde fine fargar lime og turkis - det hjalp litt på kreativiteten.


Eg håpar dama likar boksa, sjølv om ein ikkje finn verken fjell eller fjøre på den. Sommarfuglar derimot...


Kjenner eg givar rett, blir der eit kvart opp i boksa også:-)


Eg tek del i desse utfordringane:
Simon says stamp: Sparkle & Bling
Oldie but a goodie: Wings (Very old butterfly stamp)

lørdag 1. oktober 2011

After 8, både før og etter


 Eg har laga mange slike boksar i det siste. Har i tillegg 3 på bestilling. Men dei er no kjekke å lage. Kanskje eg må ha meg nokre nye tekststempel - blir litt lei av dei samme tekstene. Får kike litt rundt.


Med dei nydelege papira frå Pion design er mykje av pyntinga gjort. Har hatt på litt perler og div,. men 'less is more' i mine auge.





Eg har bestilt stilige personlege stempel på Ebay. Det er ein seljar i Malaysia som heiter loongchai. Ca. 30 kr pr stempel og det er mange å velje mellom. Rask levering er det også. Supernøgd!


Systå mi bestilte ei boks, men ho ville ha den til te. Her er den.
















Ynskjer alle ein fin laurdagskveld!

Eg tek del i desse utfordringane:
Crafts 4 etrenity: Anything goes
Simon says stamp: Anything goes

onsdag 28. september 2011

Lite blogging, større produksjon

Då er det over ein månad sidan siste blogginnlegg. Tida går og vi med den. Heldigvis har eg fått laga fleire ting, eg har berre ikkje blogga om det. Tenkte å få legge ut litt no.


Eg har laga ein del slike After Eight bokser i det siste. Den fyrste var det systå mi som fekk. Ho fortener noko fint til bursdagen sin, for ho er så snill.
Mønsteret til øskja har eg funne på nettet, trur det var hjå 



Har ikkje mykje pynt på. Vil at papira frå Pion design og stempela skulle kome til sin rett.




Nammis!

Sidan eg ikkje har vore på bloggen i det siste, veit eg ikkje kva utfordringar som ligg ute.
Eg sjekka It's all about the vintage - dei ynskjer å sjå ei heimelaga boks, så den hiv eg meg med på. Er ikkje sikker på om dette er vintage, men papira har no eit vintage snitt over seg.

søndag 3. juli 2011

Den store dagen


Anonyme scrappere har 1- årsdag og har i den anledning ei utfordring / blogghopp. Temaet er den store dagen. Jenta mi er 13 år i morgon og det er ein stor dag. Eg har laga ei 'eksplosjonsboks' til henne.



 Fann nokre gamle bilete av henne og blanda det med litt pynt og tekststempel. 


Ville ikkje ha så mykje pynt, synest papira frå MME var veldig dekorative. Passa fint til prinsessa mi.