fredag 7. oktober 2011

Nokre ting å vere glad for

I dag er siste dag av haustferien. Eg har vore på jobb dei fleste dagane, men i dag tok eg fri. Eg stod opp tidleg og starta å bake. Tenkte at i dag var dagen for å lage noko godt frå Morten Schakenda sine kokebøker. Eg sette bolledeig og sette i gong med 'venteprosjekt'. For ein ting er sikkert, ein lyt ha god tid om ein vil gjere det på Bakaren i Lom sitt vis.


Matthew hadde lyst på engelsk frukost i dag - han fekk ein light-versjon, men var veldig nøgd. Dette burde halde nokre timar. Kjekt å sjå han kosa seg med maten. Kanskje han øver seg til han skal på London-besøk?


På Sunnmøre er det perfekt innever - bøttevis med regn frå himmelen.


Eg har ikkje tenkt å starte som matbloggarane, med bilete for kvart steg i prosessen, men det er rart at dette..


..kan bli noko...

..så godt!
 Laga nokre store  - eit måltid i kvar bolle:-)



Hadde planar om å lage pizza til middag, men det vart snurrar. Greitt å ha i frysaren.


Eg kosar meg når eg bakar og det gjer meg glad. Det er og kjekt å servere fersk skulebolle til Steve som er ute og jobbar i regnveret.


I ei pause av Gøyme og leite fekk desse seg bolle. Amanda hadde laga kakao og då vart det konge å vere ute.


Elles har det faktisk gleda meg at eg fekk vaska golva og tørka strøv i dag. Blir ikkje til kvar helg det,nei.



Det får vere nok for ein dag. I morgon får eg finne på andre ting. 




For å balansere alt dette gode:
1 ting å ikkje vere glad for: Kypros - Danmark 1-4 (ikkje ferdig)

1 kommentar:

  1. Du er så flink!! Tenk å bake alt dette på ein dag, skulle ønske Gard hadde vore lik deg...slik at han kunne kome til meg med nysteikte bollar når eg arbeidar ;)

    Koseleg å sjå korleis du har hatt det. Tenk å få vaske i tillegg! JIPPI!

    Klem Hanne

    SvarSlett