mandag 2. januar 2012

Kort til Charlotte


 Eine tantejenta mi, Charlotte, hadde bursdag i romjula. Tenkte å lage eit kult kort til henne, då eg synest det passar.


Dette er faktisk eit kort som har ei dorull-kjerne som base:-) Har pynta med Tim Holtz-greier.


Tagen har eg distressa og stempla på.


Håpar Charlotte vart like nøgd med kortet som eg vart. Var i allefall kjekt å lage noko anna enn After-8 bokser - trur eg laga rundt 20 stk til jul. Alle på bestilling.

I dag skal jula ut - i fjor på denne tida vart eg så inspirert av ei primula dame, Veronica. Ho byttar tidleg ut jula med primula - det gjorde eg med. Så også i år. Følest faktisk deileg - kanskje eg får vaska litt også før det blir for mørkt?

1 kommentar: