søndag 1. januar 2012

Ej elska London


Eg er nok ein tanke anglofil (ein akseptert -fil?) - eg er veldig glad i det meste som har med England å gjere. Har tatt det så langt at eg gifta meg med ein engelskmann:-)
Og eg elskar London! Kanskje fordi eg har vore der mange gongar og kjenner byen litt, eller...
..fordi dette er ein by med massevis av alt...
folk å kike på
pubar
spanande mat
butikkar
museum (mange gratis)
interessante plassar
bra fotballag
+
+
+

I november reiste husbonden og eg på kjærastetur.
Ungane fekk og vere med, men dei fekk besøkje Nan & Grandad - ein vinn vinn-situasjon for alle partar.

Vi overnatta på eit billeg hotell (til London å vere) - Travellodge Covent Garden. Berre nokre få minutt å gå frå Covent Garden og mykje anna kjekt.
Rommet var stort, veldig basic, men reint og fint. Hadde fint bad, tv og vannkokar. Og god plass til handlenett. Treng ikkje stort meir.




Vi hadde utsikt mot BT-tower



og Centre Point. Greitt med landemerke så ein veit kvar ein er.


Laurdagen då vi kom, for vi rett ut og fekk oss mat; Fish & Chips og Bangers & Mash (Pølse og stappe). Deretter vart det litt shopping.
På kvelden hadde vi bestilt bord på Barbecoa - ein restaurant eigd av Jamie Oliver. Den ligg i eit nytt shoppingsenter som heiter New Change og ligg rett ved sidan av St Pauls. Vi fekk bord med utsikt mot ei opplyst kyrkje - vakkert. Maten var god +, men hadde forventa betre. Til forrett hadde vi østers (for pyser = med smak). Det var faktisk ikkje så verst.

Søndagsmorgon starta vi friskt med frukost på The Breakfast Club. Eit kjekt konsept og god mat. Herleg å sitje å drikke kaffi og lese aviser. Det er ein av tinga eg kosar meg med når eg er i London - kjenne at ein slappar av og at verden rundt er i bevegelse. Ein berre sit der med avisa og er i grunnen i si eiga vesle boble.



'A full English breakfast' sjølvsagt.


Eg prøvde meg på ein spansk variant - god den også. Her var det chorizo i staden for vanleg pølse.


Dagen var sett av til å reise på Spitalfields Market. Artig å sjå at det var lauv på trea -heime er det smått med det på denne årstida.


Spitalfields Market består av mange boder der ein kan få kjøpe bl.a. heimelaga produkt, leiker, kunst og krims krams. Ikkje langt vekk ligg Petticoat Lane Market. Her er det stort sett kle + litt ditt og datt. Vi var også innom her. Konklusjonen vår var at vi likar ikkje marked! Eg klarer ikkje å finne juvelar når det er fult av folk rundt oss. Det er greitt som ein plass å sjå på folk, men i London kan ein gjere det overalt.


På ettermiddagen møtte vi venane våre, Gry og Neil (Kva er oddsa på at to engelske kompisar begge finn seg dame som heiter Gry?). Vi spiste lunsj på Masala Zone i Covent Garden. Nydeleg god mat. Vi er alle glad i indisk mat. Vi bestilte noko som heiter Thalis - her fekk vi servert all maten på eit stort fat (eit fat pr. pers) - det skal vere slik maten tradisjonelt vert servert i India. Mange forskjellige rettar der ein vel kjøtrett sjølv. Kjempegodt.
Etterpå gjekk vi på ein liten pub som Neil viste om - det var nokre krinkelkrokar dit, men det ligg i Covent Garden. Det var koseleg at dei kunne ta turen ned til London for å møte oss.


Vi hadde bestilt middag på OXO-tower søndagskvelden kl. 21. Vi hadde allerie ete to måltid denne dagen og var slett ikkje svoltne, men vi seier ikkje nei til OXO-tower.
Eg hadde fått anbefalt denne plassen av ein kollega og vi angra ikkje.
Utsikta over Themsen var utsøkt og det var også maten. Vi hadde ein søt, fransk servitør som heldigvis  ikkje var av det pompøse slaget. 


Før vi gjekk inn tok eg nokre bilete av den fantastiske utsikta.
Her mot St.Pauls.






Måndagen sette vi at til sightseeing. Eg synest Tower bridge er vakker, så vi gjekk langs SouthBank. Det er ein fin plass å gå, med mykje å sjå på.



Her ligg også bygninga som huser The Mayor of London (borgarmeisteren), City Hall.
Stileg bygning.


På andre sida ser ein The Tower of London. Her finn ein kronjuvelane. Allereie rundt 1080 begynte ein å bygge dette fortet. Denne plassen har blitt brukt som fengsel, folk har mist hovudet (bokstaveleg) og fleire av hovuda blei sett opp på stake. Off.
Men ei stasleg bygning er det.



Den artige bygninga litt til høgre vert kalla 'Gherkin' etter utsjånaden. Dette er ei kontorbygning og ligg i finansområdet, The City.


Dette er ei koseleg gate ikkje så langt vekk frå Tower Bridge. Vi var ute etter ei pause og ein plass å setje oss ned.


Fann det!
Vi likar godt ei barkjede som heiter All Bar One. Der har dei deileg snackmat og masse forskjellige vinar. Vi kjøper alletider Pinot Grigio - så også her.



 

Dette er utsikt frå Tower Bridge. Vi løyste bilett for å kome inn for å sjå brua på innsida. Vi fekk også vite om historia til brua. Utsikta var bonus.




Her byggjer dei den høgaste bygninga i EU, 310 m - Shard London Bridge. Den skal stå ferdig til mai 2012 - klar til sommar-OL.




Heia Noreg!










Så var tida for å møte kidsa og resten av gjengen. 





Vi skulle overnatte nær Gatwick - her ventar vi på toget.


'Familyen' skulle motsatt veg, altså på motsatt plattform.






Dette er ikkje flyet vårt, men likar ein å sjå på fly, er dette rette plassen. Eg kan glede meg, for eg veit at eg snart skal tilbake.

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar