Viser innlegg med etiketten fjelltur. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten fjelltur. Vis alle innlegg

fredag 19. mai 2017

17.mai er vi så gla' i


17.mai var heilt fantastisk. Eit nydeleg vêr heile dagen. Kjekt både for unge og gamle i finkle, som slapp å vere redde for å bli våte.


I år har vi både rosaruss og raudruss i familien.


 Tradisjonen tru, gjekk toget frå Tuftene kl. 09.30. Heller ikkje i år hadde vi korps, men det fungerte fint med stereo bak ein bil. Og tradisjonen tru 2 - toget gjekk så fort at fleire hadde problem med å henge med.


 Etter at vi hadde gått i tog, var heile familien heim til oss på lunsj. Alle hadde med seg noko godt å ete, så vi fekk eit flott koldtbord.
Foreldra til russane hadde bestilt russehattkake, den var både flott og god. Den er frå Ritas matverden.



 Etter lunsjen var vi på skulen, der det var leikar og folkefest. Heldigvis har vi eit korps på gang igjen og dei var blitt veldig flinke.
 Vi slutta av nasjonaldagen med å gå på Øyrahornet, som ligg rett bak huset vårt. Synest vi fortente nokre bobler i det vi nådde toppen. Ei fantastisk utsikt var også ei belønning.



søndag 24. juli 2011

Små gleder på bygda


I dag har kongeskipet ankra opp i Tjørvågane. Det er ikkje kvar dag vi har så prominente båtar inn på vika, så ungane og eg tok oss ein tur for å sjå på båten til Kongefamilien. Midt i skoddeeimen låg den. 


Vi fekk tatt nokre bilete, men skodda kom sigandes og med eitt var skipet heilt vekk.


Det har vore skodde stort sett i heile dag. Familien tok turen til Hornseten . Det var ein fin tur til trass for tidvis dårleg sikt.



Lukka er blåbær på strå.


Ungane er litt 'kvakk-kvakk'. Har ikkje meir moro enn ein finn på sjølv.


 Vi brukar å ta familiebilete på dei fleste toppane vi går på. Desse bileta er nokre av dei kjekkaste bileta våre. Sjølvutløysaren på kameraet er god å ha.

Etter fjellturen tok vi oss ein tur på Herøy Fritidsbad. Det var ein herleg slutt på utflukta vår.