Viser innlegg med etiketten dorullkort. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten dorullkort. Vis alle innlegg

søndag 14. mai 2017

Gjenbruk



Då eg fyrst starta å scrappe, var det ein blogg som eg meiner heiter Scrappemania. Dei hadde ein tutorial på dorullkort. Dette synest eg var så kjekt at eg har laga mange versjonar av dei seinare. Ein tek enkelt og greitt ei dorullhylse og brettar den flat, legg på papir og pyntar. Fin måte å bruke litt restepapir. Pyntinga kan ein gjere så enkel eller avansert som ein vil. Eg vel ofte enkel.




Nordsalten: Nytt liv eller resirkulert
Scrapomania: Alt er lov

lørdag 18. februar 2012

Dorullkort

Eg har laga fleire dorullkort i det siste. Ein fin måte å få brukt opp litt restepapir eller ark som ikkje passar til noko. Har pynta dei litt, men vil gjere siste finishen når eg veit kven som skal ha dei.
Her kjem eit utval.











mandag 2. januar 2012

Kort til Charlotte


 Eine tantejenta mi, Charlotte, hadde bursdag i romjula. Tenkte å lage eit kult kort til henne, då eg synest det passar.


Dette er faktisk eit kort som har ei dorull-kjerne som base:-) Har pynta med Tim Holtz-greier.


Tagen har eg distressa og stempla på.


Håpar Charlotte vart like nøgd med kortet som eg vart. Var i allefall kjekt å lage noko anna enn After-8 bokser - trur eg laga rundt 20 stk til jul. Alle på bestilling.

I dag skal jula ut - i fjor på denne tida vart eg så inspirert av ei primula dame, Veronica. Ho byttar tidleg ut jula med primula - det gjorde eg med. Så også i år. Følest faktisk deileg - kanskje eg får vaska litt også før det blir for mørkt?