Viser innlegg med etiketten distress ink. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten distress ink. Vis alle innlegg

mandag 23. juli 2012

Mappekort


Her har eg laga eit mappekort. Det vart laga som sommargåve til lærarane til kidsa.



Fylt med litt energi :-) 
Kanskje burde lærarane fått det midt i skuleåret? Ein treng i allefall litt 'staying-power' når ein har slik jobb. Ved nærare ettertanke - det skal vel meir enn sjokolade til, men at det hjelper trur eg nok.

mandag 2. januar 2012

Kort til Charlotte


 Eine tantejenta mi, Charlotte, hadde bursdag i romjula. Tenkte å lage eit kult kort til henne, då eg synest det passar.


Dette er faktisk eit kort som har ei dorull-kjerne som base:-) Har pynta med Tim Holtz-greier.


Tagen har eg distressa og stempla på.


Håpar Charlotte vart like nøgd med kortet som eg vart. Var i allefall kjekt å lage noko anna enn After-8 bokser - trur eg laga rundt 20 stk til jul. Alle på bestilling.

I dag skal jula ut - i fjor på denne tida vart eg så inspirert av ei primula dame, Veronica. Ho byttar tidleg ut jula med primula - det gjorde eg med. Så også i år. Følest faktisk deileg - kanskje eg får vaska litt også før det blir for mørkt?

søndag 10. mai 2009

Ny i bloggverden



Har laga meg til blogg - mykje å setje seg inn i, men kjekt.
Synest det er litt nifst at andre skal få sjå korta mine, men det som intet våger, intet vinner ;-)
Dette kortet laga eg til ein liten kar som var 1 år denne veka.