Viser innlegg med etiketten herre. Vis alle innlegg
Viser innlegg med etiketten herre. Vis alle innlegg

onsdag 18. juli 2012

Kort til 60-års jubilant


På søndag feira vi broren min, Jostein, som vart 60-år måndag. Han er ein kjempekjekk og snill kar som held seg godt for alderen.


Likevel fekk han nokre hjelpemiddel 'just in case' - briller og barne-spisepinnar. Kjem sikkert godt med :-D


Eg laga eit kort til han med eit bilete frå då han var liten. Her er han saman med Mariann, Terje, mamma og pappa. Eit nydeleg bilete, synest eg. Elles pynta eg kortet med ting som eg synest representerer jubilanten.



søndag 12. juni 2011

Konfirmasjonskort

Her er eit konfirmasjonskort til ein gut. Eg likar faktisk å lage kort til gutar / menn, men er litt usikker når det kjem til pynting. Synest oftast at 'less is more'.


Her har eg nytta eit gammalt stempel frå 'Pink Gem Design'. Synest dette er eit fint stempel på herrekort.


Inni har eg laga til så ein kan legge pengar eller ein tag.

Eg deltek på desse utfordringane:

Oldie but a goodie: Lots of layers + old stamp
Papertake Weekly: Anything goes
Secret crafter: A male card