mandag 15. august 2011

Klar til skulestart?

Kvardagen har innhenta meg. Tilbake på jobb med alt det fører med seg. Veldig kjekt, men med lite overskudd til noko kreativt når ein kjem heim. Slik skal det kanskje vere rundt skulestart?
I dag starta lærarane på skulen vår - kjekt å treffe alle og starte planlegginga av det komande skuleåret.

Nokre som sikkert er klare til skulestart er alle dei som skal ta til i fyrsteklasse. Med ny ransel og penal strøymer dei til skulane denne veka. Eg gler meg til å treffe dei som skal starte hjå oss. 

  

Som eg skreiv tidlegare i sommar, så fekk fadderguten min ein sekk frå Nille for å teste denne ut. Han hadde den med på ferie for å sjå om den var noko tess.
Det fyrste han sa var at han likte ranselen kjempegodt. Den vart prøvd på alle mogelege vis. Det var lett å justere stroppene til å passe. Sekken var god å ha på, spesielt med festinga rundt magen.
Ein kan sjølvsagt ikkje seie noko om kvaliteten før den har blitt prøvd på skikkeleg eit års tid, men slik det ser ut no er dette ein super sekk til halve prisen av dei 'etablerte' merka. Og så er denne sekkel veldig kul då.,

Vi kan med dette anbefale denne sekken, både til dei som skal ta til på skule og til dei eldste barna i barnehagen. Super tursekk. 

I morgon skal eg på kurs i klasseleiing - alltid like aktuelt. Eg gler meg.

2 kommentarer:

  1. Takk for en hyggelig anbefalling av skolesekken.

    Vi har fått mange fine tilbakemeldinger på den, som du sikkert har fulgt på vår -nilleblogg http://blogg.nille.no

    Du må jo gjerne følge opp med et innlegg utover skoleåret også - det er moro å følge "livet" til en skolesekk.

    Ha en fin høst!

    SvarSlett
  2. He is adorable, thanks for sharing!
    hey, I have a giveaway here, please come join in the fun!
    http://www.pixiedustpaperie.blogspot.com/

    SvarSlett