torsdag 4. august 2011

10-års bryllaupsdag

For litt sidan hadde mannen min og eg 10-års bryllaupsdag. Eg laga då dette kortet / tagen til han. Har ikkje prøvd meg så mykje på Tim Holtz sine teknikkar før - dette var andre forsøk. Eg prøvde forskjellige teknikkar. Eg nytta distress ink til bakgrunn. Så stempla eg 'Love' og fargela med Perfect Pearls. Deretter bløytte eg det og tørka med 'føne'. Eg synest det kom litt mykje vatn på, slik at det rann for mykje ut. Never mind. Deretter stempla eg med ulike stempel - alt Tim Holtz. 

A little while ago, my husband and me celebrated our 10th wedding anniversary. I made this tag for him. I haven't tried any of Tim Holtz's techniques before - this was my second attempt. I tried various techniques. I used distress ink for my background. Then I stamped 'Love' and coloured it with Perfect Pearls. Then I wet the tag and used my fan to dry it. I thought it came a bit too much water on, but never mind. Thereafter I stamp various stamps on - all Tim Holtz.



Bokstavane, som er grundeboard, mala eg med distress og hadde på Rock Candy. Der kom nokre sprekker, men dei viser ikkje så godt på biletet.
Det var kjempekjekt å halde på med desse teknikkane - det kjem heilt sikkert fleire tag'ar herifrå.


The letters, which are Grundgeboard, I painted with distress and put on Rock Candy. It came a few cracks, but it doesn't show too well on the photo.
It was great to work with these techniques - I am sure to make more tags.



Min andre halvdel var i allefall nøgd med kortet han fekk.

My other half was very pleased with his card.


Eg tek del i desse utfordringane:

I take part in these challenges:

Papertake Weekly: Anything goes, optional: metal



Eg fekk nydelege roser også - synest det er så herleg når dei luktar så godt.



Ungane våre er sjølvutnevnte gjestar når vi feirar bryllaupsdag. Dei har også bestemt menyen som er den same kvart år - kongekrabbe.
Fyrst litt feiring - dette fekk ungane ikkje smake på:-)




Beste middagen ein kan få, i fylgje han her.



Jordbær og ei kake av sjokoladekjeks som eg har fått frå ei venninne frå Polen.
Top happy!


Kvar sommar prøver vi å besøkje ein ny by, berre mannen min og eg. I år vart det København sidan vi var i Danmark allereie.


Vi tok ein kringsjåbuss (sightseeing) slik at vi skulle få med oss ein del attraksjonar. Elles brukte vi mykje av tida på det det kulinariske har å by på.










Overalt i København var det plassert elefantar dekorert av div personar. Synest denne var ekstra fin.
Vi stod lenge og skulle ta bilete av den, men ein gjeng damer ynskte og å bli foreviga saman med den og dei vart aaaaaldri ferdige.


Vi budde på Hotel Alexandra i Hans Chr Andersen's Boulevard. Eit stileg hotel med små rom, men veldig sentralt beliggande. 



Her kosar vi oss i sola i Nynavn.



Måtte berre ha eit bilete av dette skiltet - sikkert bra for single damer å spise her;-)



Ein fantastisk frukost med middelhavspreg på RizRaz i nærleiken av Strøget.


Sånn flaskehaldar vil eg også ha - stilig!



Det var mykje omkøyringar i trafikken - sikkert etter flaumen. Då vi kom ville GPS'en at vi skulle køyre inn her...


Eine kvelden var vi på spansk restaurant, Biscaya Tapas Bar, og åt, ja, tapas! Super mat.
Vi vart og anbefalt ein restaurant som heiter Geist. Vi fekk bord i baren der ein kan sjå på at maten vert laga. Ein stilig restaurant, med god mat og super sørvis. 
Til forrett hadde vi 'Foie gras of duck and cocoa'. Dette skal vere svære greier, men eg må innrømme at det vart altfor kraftig for meg. Greitt å ha prøvd det, men det blir med denne eine gongen. Den andre forretten var scallops og det er no godt. 
Til hovudrett var det det som ein kan sjå på biletet under, 'Suckling pig and baked cauliflower'. Blomkålet er den brune flekken - denne retten var fantastisk god. 

Det var også 'Duck, redcurrant and carrots'. 
Sånn er det å ete på flott restaurant.
Til dessert hadde vi div. ost - det var det beste med heile måltidet!


Så fekk vi sukkerspinn med på kjøpet. Ein oppleving av ein restaurant og det er akkurat det vi ynskte: opplevingar. Det er det vi hugsar.





8 kommentarer:

  1. Utruleg tøft kort! Det var heilt etter min smak!! Dong Yuan *ler* Oh man!!

    Såg ut som ein flott tur

    Klem Hanne

    SvarSlett
  2. Hei! Så fin blogg! - og du er kreativ, også!

    Klem,
    Line

    SvarSlett
  3. Kjempefint :) Helsing Ingar E

    SvarSlett
  4. Fabulous tag! I have that stamp set and it's one of my very favourites! Great technique! Tim Holtz is addicting! Awesome job! Happy Anniversary!

    SvarSlett
  5. Takk for søt og oppmuntrande kommentar! :)Skal sjå om eg får ta vekk ordverifikasjonen! Godt tips, har ikkje tenkt på det :)

    God helg!

    Klem Hanne

    SvarSlett
  6. A fabulous tag! Thanks for shrin with us at Papertake Weekly this week. Happy anniversary - looks like you had a wonderful time!

    SvarSlett
  7. Great tag and great technique. Thanks for playing along at The Corrosive Challenge.

    SvarSlett
  8. Thank you for joining the DT from Simon Says Stamp and Show with your fabulous Tags, wowzerssss love the colors and the embellies that you have used, absolutely fabulous. Hugs Terry xxxx

    SvarSlett