lørdag 23. april 2011

Silkeband i massevis

I dag har vi vore i ein kortlagar sin 'heaven'. Vi for til blomstermarkedet og der hadde dei berre sååååååååååå mykje silkeband. Eg kunne ha kjøpt heile butikken. Må innrømme at eg kjøpte ein del og det var berre så billeg. Fantastisk. Skulle gjerne kjøpt meir.
I tillegg hadde dei sjølvsagt massevis av blomar. I alle fargar og fasongar. Fantastisk nydeleg.




Desse vil eg ha med Steve:-)



Heaven... 




Etter blomstermarkedet reiste vi til Busan museum.
Her fekk vi eit innblikk i historia til Busan. 
Det er ganske fantastisk å tenkje på at på 1950-talet budde der ca. 200 000 menneske her. Som fylgje av Korea-krigen flytta det ca. 1 mill. menneske hit. No bur her vel 4 mill. menneske!


Nydelege hagar utanfor museet.




Etter museumsbesøket tok vi ein tur til FN-kyrkjegarden. Her ligg dei allierte sine falne under Korea-krigen. 2300 i talet. 





Det var 3 norske som fall under denne krigen, 1 av dei ligg gravlagd på denne kirkegarden.







Gulldekk er eit must;-)




Til lunsj hadde voi vietnamesisk mat - veldig godt.


Vi sat ute då det var ganske fint ver, men det blåste bra.


Her er 'fangsten' min frå blomstermarkedet.


 Då vi kom heim bar det rett i 'stampen' som Marit kallar det. Nydeleg å skrubbe seg og gå i det varme vatnet. Varme og raude kom vi opp. Vi fekk forespørsel om vi ville gå på Novotel å ete sushi. Det ville vi sjølvsagt.

 Etter sushien for vi til ein bar. Her spelte vi dart og kosa oss.
Her ser du premien som Terje vann på pilkast - 5 treff av 5 mogelege!










Bente traff Bull's eye! Sjå kor nøgd ho er.



I Korea kosar dei seg med steikt spagetti saman med eit glas øl. Det var faktisk veldig godt.





1 kommentar:

  1. Kor kjekt å sjå bloggen din! Eg visste ikkje om denne (ikkje det at eg veit alt, langt i frå), men no har eg lagt meg til som fyljar og det blir kjekt å lese. Eg har ikkje tolmod med kort, men kan garantert få inspirasjon her.

    Ser ut som du og dei andre har det flott i Korea! Kos deg og hels dei andre.

    For meg som er misunneleg, for eg òg har lyst å reise, så kan eg dele at her er det 20 grader og sol! JIPPI! Etterlengta. Sofie var her og kosa seg med oss i går.

    SvarSlett