fredag 22. april 2011

Den store kulturdagen

I dag har vi hatt oss ein kongetur - i ordet si rette meining. Vi har vore å besøkt senteret for Silla-dynastiet. Det finn vi i Gyeongju. Silla-dynastiet var gjeldande frå år 57 f.Kr til år 935 e.Kr.

Her er inngangen til ein 3 km lang tur fram til eit tempel som heiter Seogulam grotto. Det er eit av verdensarv tempela i Sør-Korea. Det er og sagt at steinfiguren her er ein av dei best utførte i Korea, om ikkje i Asia. Om morgonen når sola står opp, skin den inn i grotta og lyser opp ein kjempestor Buddah. Steinen er dregen ifrå kysten heilt opp gjennom dalen der tempelet er. Det var desverre ikkje lov å ta bilete inn i grotta, så eg kan ikkje vise noko derifrå.




Vi møtte vanvittig mange skuleklasser og mange av barna såg litt rart på oss og ville gjerne helse. Det har blitt mange 'Hello' i dag.


Her er tempelet som ligg nydeleg til i fjellsida. Også her gjer ein seg klar til Buddah sin bursdag - lanternene er allereie komne opp.


Her er delar av den opprinnelege grotta som er lagt ut.



Dei har bygd eit lite tempel foran grotta for å bevare skatten.




Etter ein del trasking, var det godt med kaffi. Marit er alle tider godt budd, så vi fekk både kaffi og kjeks.


Neste stopp var tempelet Bulguk-sa tempelet. Her er vi foran inngangen.


Desse fryktingytande figurane vaktar over inngangspartiet.


Dette tempelet vart bygd ca år 551og vart brent ned i 751. Totalt 80 bygningar brann ned og 10 er oppbygd i dag. .


Her ser de eit stupa (pagode) som ligg inne på plassen til Bulguk-sa. Ein stupa er eit frittståande tempel. Denne heiter Seokga-tap.



Saman med denne, Dabo-tap, er dette rekna for noko av det finaste frå Silla-perioda. Dei er laga av granitt og representerer det motsatte. Denne er 'damedelen'.




Terje byggjer ein stupa.



Lunsjen - bibimpap. Det består av ris, grønsaker og egg som er miksa. I tillegg fekk ein div. pickles og er ganske godt.


Denne store klokka finn ein ved Gyeongjo Nasjonal Museum. Den heiter 'Devine Bell of King Seongdeok', men er like kjend som 'Emille Bell'.


 Legenda seier at Kong Gyeongdeok bestilte ei klokke med den beste klokkemakaren i landet. Kongen døde før klokka var ferdig. Når dei skulle prøve klokka fyrste gongen, ville den ikkje ringe. Dei støpte den omatt og då dei skulle prøve den, brotna ho. Etter fleire forsøk hadde øvstepresten i tempelet ein draum; dragen for ild måtte godgjerast for at klokka skulle virke skikkeleg. Ei jente som var fødd i dragen sitt år, månad, dag og time måtte kastast i støypemetallet. Dette gjorde dei og då klokka slo, brotna ikkje den nye klokka. Klangen frå klokka høyrast ut som eit barn sin såre gråt etter mora - emi eller emille.


Som før nevnt, var det mange skulebarn på ekskursjon - også ved museet. Her ser de ein gjeng som får informasjon.



Gyeongjo Nasjonal Museum


Vi har sett mange nydelege Magnoliatre. Her er ein lilla variant.


Neste stopp var Anapji. Dette er ein innsjø med tre øyer som Kong Munmu fekk laga til. Her vart det samla mange eksotiske planter og dyr. Plassen er no restaurert og ein har bygd opp bygningar i typisk stil.





Det siste stoppet i Gyeongju var Daeneungwon. Her finn ein den største samlinga av kongelege gravkammer frå Silla-tida. Heile 23 er der. Ei av dei kan ein gå inn i. Dei har laga til korleis det såg ut inne i eit slik gravkammer.



Vi har sett mange flotte bygg her i Korea. Her eit som er merkeleg.


Myndigheitene i Korea er velviljuge til å bygge vegar. Litt å lære for dei norske myndigheitene?


Vi stoppa ved Daebon for å 'sjå' på undersjøgrava til kong Munmu. Her fekk vi sjå eit artig syn. Mange menneske samla tang for å tørke. Sidan det var ganske store bølger var det fleire som fekk seg ei bløyte.


Dette er Korea si einaste undervannsgrav. Ein meter under vannskorpa ligg ei stor steinhelle som utgjer grava. Grunnen til at kongen ville gravleggjast her, er at han ville kome tilbake som ein drage slik at han kunne forsvare landet sitt mot inntrengjarar.


Hadde lyst til å ta bilete av 'vanlege' hus, men det var ikkje så lett å vite kva som var hus og kva som ikkje var det. Her er noko av resultata. Dette var på landsbygda og som ein ser er ikkje standaren veldig høg. Trur nok ikkje dette er representativt for heile Korea.



Vi køyrde på ein smal veg heilt ned ved kysten. Der køyrde vi forbi folk som hadde fanga tang og dreiv å la den til tørk. Tang er ein viktig bestanddel i det koreanske kosthold. Personleg synest eg ikkje det er veldig godt, men det er etandes.





På denne turen i krinkelkrokar fekk vi også sjå verdas største skipsverft, Hyundai i Ulsan.



Her ligg store tankarar som har vore på prøvetur, klare for å fare tilbake på verftet.


I gatene har førebuingane til lokalvalget starta.



I Ulsan ligg også verdas største bilfabrikk, Hyundai Motors. Her produserer dei ca 5000 bilar pr dag!


Vi var ganske slitne etter ein innhaldsrik dag og gledde oss til å kome tilbake til Busan. Vi var svoltne og Terje hadde pønska ut ein plan. Vi køyrde til eit område som heitte Gijang. Der parkerte vi og gjekk mot eit fiskemarked. Der hadde dei store tankar med kongekrabbe. Terje plukka ut to som vi skulle ha. Dei blei lagt rett i kokande vatn medan vi gjekk inn på noko som ikkje likna nokon restaurant. Vi gjekk opp fleire trapper og vart vist til eit lite rom.


Her ser du oss i vårt eige avlukke med varme i golvet. Fyrst åt vi litt smårettar som dei brukar å kome med. Deretter kom dei med krabba. Den var berre fantastisk god.


V-teiknet, som her står for victory,  er veldig utbreidd her i Korea. Det brukar dei 'heile tida'.



Vi fekk og ris med grønsaker i skjell.




Anita vart utfordra til å halde ei krabbe og det tok ho på strak arm.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar