Etter ein regnversdag var det godt med sol igjen. Her ved blokka til Marit og Terje bles det godt, men når vi kom bort til Haendue beach vart det noko heilt anna -eit teikn på sommar. Vi gjekk langs heile stranda og såg på barnefamilier, kjærastepar, eldre, yngre og dei midt i mellom. Alle kosa seg i varmen. Nokre fyrar hadde kasta det meste av kle og var ikledd berre stringtruse! Show off med andre ord.
Her er Novotel der vi har spist sushi to gongar og skal tilbake på champagne brunsj på søndag.
Veldig mange koreanarar er varsame med å få farge i ansiktet. Då er desse store bremmane gode å ha.
Her nyt vi sola og litt brus. Vi vart faktisk solbrende.
På veg tilbake til leiligheita stoppa vi på eit bakeri og kjøpte kaker. Jordbær kjøpte vi også. Sidan vi er blitt godt vande, vanka det også champagne til.
Så var det tid for fotpleie. Vi hadde fått time alle tre og det gledde vi oss veldig til. Skulle både skrubbast, masserast og lakkast.
Her er eit førbilde av ein av oss.
Deilege massasjestolar.
Her ser du mitt resultat - supernøgd. Det blir kun sandalar heretter.
Til middag skulle vi ete Galbi. Det er ribbekjøt av storfe eller gris. Vi plukka ut dei pakkane vi ville ha og gjekk opp ei etasje for å få bord.
Galbi grillar ein sjølv ved bordet. Nede i bordet er det eit hol der dei set ei grillpanne med ei rist over. Så er det berre å setje i gong å grille.
Vi fekk mykje forskjellig tilbehør.
Det var nydeleg god mat og her ser de tre nøgde damer.
Vi avslutta kvelden med ein tur på bar.