søndag 3. juli 2011

Jonsokfeiring

Det blei ikkje mindre enn 3 jonsokfeiringar i år. Torsdag på skulen i regi av idrettslaget, fredag i Kalveneset og laurdag i Lisjeneset.




 I Kalveneset har vi tradisjon med fantetog, bryllaup, bålbrenning m/heks og natt-fotball. Spesielt fotballkampen  er populær - vi spelar vaksne mot barn. Ofte kjem det forsterkingar frå andre grender, slik også i år. Som de ser er og dei finare damer frå Kalveneset med.




I Lisjeneset er det 'familiefeiring'. Både store og små samlast for å grille og drøse. Det var til og med skipa til tombola. Nokre prøvde og fiskelukka - småtorsk var det dei fekk på kroken.







 Vi hadde ein fin laurdagskveld, men det var ikkje spesielt varmt. Likevel var det nokre våghalsar som ville bade. Dei var nesten like kjappe opp av vatnet som dei var i vatnet, men tøffe er dei.





Dette er ei veke sidan, sommarvéret let fortsatt vente på seg. Meldingane er dårlege framover, men dei har eg bestemt meg for å ignorere:-)

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar