lørdag 15. juli 2017

Tag


Prøvde meg på ein tag der eg brukte eine flippen på ei iskremboks. Dette er eit av mine 'test ut mange slags teknikkar' prosjekt. Berre hadde på litt av det eg hadde for hand. Når eg var ferdig, såg eg at dette skal eg gi broren min. Han har snart bursdag og er født i 52- heilt tilfeldig at det vart desse tala. Nederst der det står KLM er også tilfeldig. Mannen min tenkte på flyselskapet, men kva med klem utan vokalen? Eg hadde nokre bokstavar som var stansa ut, men ikkje separert enno. Tok dei ut frå pappen og brukte holrommet til å lage bokstavane. Trur eg må lime noko på baksida, der det er bilete av kroneis:-)

Corrosive challenge: Anything goes

1 kommentar:

  1. Fantastic tag. Great colour combination. Thanks you for joining with us at The Corrosive Challenge Blog. Good luck with your entry
    Maritza DT

    SvarSlett