lørdag 15. juli 2017

Tag


Prøvde meg på ein tag der eg brukte eine flippen på ei iskremboks. Dette er eit av mine 'test ut mange slags teknikkar' prosjekt. Berre hadde på litt av det eg hadde for hand. Når eg var ferdig, såg eg at dette skal eg gi broren min. Han har snart bursdag og er født i 52- heilt tilfeldig at det vart desse tala. Nederst der det står KLM er også tilfeldig. Mannen min tenkte på flyselskapet, men kva med klem utan vokalen? Eg hadde nokre bokstavar som var stansa ut, men ikkje separert enno. Tok dei ut frå pappen og brukte holrommet til å lage bokstavane. Trur eg må lime noko på baksida, der det er bilete av kroneis:-)

Corrosive challenge: Anything goes

fredag 14. juli 2017

Gåve til ei venninne


Ei av venninnene mine fylte 50 år for litt sidan. Tenkte ho skulle få ei god flaske vin og at eg ville lage eit kort e.l. til ho. Kom over ein mal på vinboks på Scrapomania sine sider, så den laga eg. Dette er ei dame som likar fargar, så det måtte sjølvsagt vise igjen på boksa. Fann dette fine arket i bunken og det heldt akkurat. Ideen til kortet var at uansett kor  mange år ein fyl, er det berre eit tal. Stansa derfor ut ulike tal som eg embossa og limte på tagen. 50 fekk litt annen farge, så dei embossa eg med ein annen farge.




No er gåva klar til overlevering.

Two of a kind?


Tok og laga to kort på ein gong. Ville sjå om dei vart like eller ulike. Brukte ein teknikk langt utanfor komfortsona-rive papir og lime det litt tilfeldig på. Sjølv om det er noko eg ikkje brukar å gjere, var det kjekt. Kjente meg litt frigjort kanskje?



Skal i allefall prøve igjen. Har kjøpt fine blomster frå Prima, så dei fekk pynte opp desse korta. Innsida er gjort veldig enkel.


The flower challenge: Embossing ( the saying)
Scrap from your heart: Alt er lov
Papirlosjen: Alt er lov
Crafty Callendar: Anything goes
Hjerteboden: Alt er lov

Kjekke ting i posten


Det er sååå kjekt når ein får kjekke ting i posten. Her om dagen fekk eg ein pakke frå Annelen som eg vann i ein RAK. Kjempefine papir, blomster, hjertenåler og chipboard. Tusen takk:-)



I tillegg har eg bestilt chipboard frå Scrapiniec og ein scrappepakke frå My creative scrapbook. Her får ein ein pakke med divers kvar månad. Denne gongen var det flotte kvalitetspapir, blomster, stempel, chipboard og band. Kjekt med ei overrasking.

tirsdag 4. juli 2017

Anything goes


Anything goes - a typical theme for challenges these days. For the first time ever, I have tried Mixed Media and I think anything goes fits well here. You use what you got-anything goes.
In search for inspiration I have visited many blogs and seen many videos on You Tube. There are so many talented people out there, and I feel that I am not a very creative person. I have always liked best to follow recipes, whether it comes to cooking, building Lego or making cards. I want the overall picture first. Therefore I have found lovely cards on blogs that I have been inspired by. But, and there is a but, I felt it was a bit embarrassing. All until I found a lovely lady on You Tube. She makes lots of videos on how she does various art and she is very clear: you have to start creating and in the beginning it is all fine to copy. I take her word for it. She makes the most wonderful things and she is very entertaining to watch.
With this as a background, I started to create this card as I watched her do hers on the video. I guess she has got a bit more equipment and stash than me, but I used whatever I could find that was similar. In the end, I was quite pleased with the result. So pleased I gave it to my daughter for her birthday today. I asked her if she liked it. She answered yes, but it wasn't so nice on the backside:-) I used the packaging on some products I bought and this had some writing on the backside. I explained it is all about recycling:-)


I used scrap paper and gesso. I have only one stencil, so I used that. I think a compass really fits for a young girl, it is all about finding the best way to go. The small rocks are the type I use to put candles on - all I had. I don't have much chipboard, but used what I got. The butterfly got a bit of glitter spray- much nicer in reality than on the photo.


So why do I write all this? Mainly for myself. It is ok to get inspiration, it is ok to try with the stuff you got and the main thing - create.
Thank you, Marta ( Maremi's Small Art) for the inspiration you give.


Crafty Callendar: Anything goes