fredag 17. februar 2012

Gode rundstykker


Ved juletider kom eg over ei ny oppskrift på rundstykker og den måtte eg berre prøve. Var litt spent på den, sidan det var honning i. Rundstykka vart kjempegode.
Førre helg laga eg ein ny porsjon - veldig greitt å ha i frysaren. Tek opp nokre kvar kveld som eg har til nistemat.
Denne gongen tok eg ein 'Schakenda' - eg brukte melk rett frå kjøleskåpet. Sidan eg hadde god tid, fekk dei den tida det trongst for å heve. Deretter trilla eg ut rundstykka og lot dei heve igjen. Veldig enkelt og veldig godt. God tid må ein sjølvsagt ha. 

Her kjem oppskrifta viss ein vil prøve (fann den i eit oppskriftshefte frå Tine):

1 pk (50 g) gjær - eg 'fjuska' og brukte tørrgjær
2 dl melk skumma (eg brukte ekstra lett)
1 ts salt
2 ss honning
1/2 kg sammalt kveitemjøl, fint
1/2 kg kveitemjøl

Eg blanda alt det tørre, hadde kald melk opp i og deretter honning. Elta dette i kjøkkenmaskin til den slepte bollen (10-15 minutt). Hev til dobbelt størrelse. Del deiga i to, rull ei pølse og del opp i 12-15 emne. Rull dei til rundstykke og set dei på ei steikeplate med bakepapir. Igjen skal dei heve. Pensle med melk og dryss litt kveitemjøl over før du steiker dei. Midt i ovnen, 220 grader, ca. 10-15 min.

2 kommentarer:

  1. MMM...så kjempegodt ut, Gry! "Slowfood" er ubetalelig...
    Kjekt å se "julibakken" på blogglista di!

    God kveld!

    Line

    SvarSlett
  2. Dei var veldig gode - anbefalast. Det er kjekt med mat som ikkje må gjerast ferdig med ein gong, men som kan leve litt livet saman med ein.
    Er alletider innom 'Julibakken' når eg er innom bloggen min - desverre ikkje så ofte, men, men...
    Ha ein fin vinterferie.

    SvarSlett