lørdag 7. mai 2011

Champagne-brunch

Den siste dagen i Korea skulle vi på champagne-brunch. Det var også på Novotel.



Fyrst fekk vi forsyne oss av ein buffet med mykje godt - spesielt sushi.


Eg likte ekstra godt tunfisken.



Etter buffeten var det suppe - vi tok skogsoppsuppe. Nydeleg god.


Til hovudrett kunne ein bl.a. velje mellom biff eller..


..kongereker som eg tok. Det var eg glad for, for dei var veldig gode.



Ikkje verst utsikt.




Til dessert vart det også mykje å velje mellom. Eg smakte ikkje på så mykje, så dette kan ikkje vere mitt fat :-)





Need no words


Vi gjekk langs stranda og Bente og eg kunne ikkje motstå desse.










Heilt sidan vi kom til Korea rølte Bente og eg av at vi skulle gå trappene opp til leiligheita. Siste kvelden måtte vi til pers. Vi tok heisa ned, med forventning om kaffi og kaker rundt etg.21. Der var det ingen.


Vi overraska nok dei andre, både med at vi klarte det og tempoet. Trur vi brukte 12 minutt.


Utsikt frå soverommet mitt.


Stor byggeaktivitet. Ganske fantastisk å sjå desse høge bygningane med heisekran på toppen.


Litt langt ned, men ikkje så ekkelt som eg frykta.





Måtte berre ha med eit bilete av den utstrakte bruken av duppedingsar. Alle hadde og styra med eit eller anna teknisk uansett kvar ein var. Eg er over middels interessert i slikt, men dette overgikk det eg trudde var mogeleg.
Samsung er eit koreansk firma og eg såg at dei var store her.


Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar