onsdag 23. september 2009

Friday Sketchers #70.

Trudde eg vart for sein for ei utfordring igjen. Heldigvis såg eg at eg rakk det. Kjekt å vere med. Eg har nytta skissa til Friday Sketchers #70 . Papiret eg har nytta er Basic Grey 'Lemonade', så eg tek del der og. Der måtte ein i tillegg ha embossing, og det har eg brukt Cuttlebugen til.
Stamp Something spør etter favoritt papir / fargar. Det har gått mykje i rosa og grønt. Det var det. Ikkje verst for noko i siste liten.

fredag 11. september 2009

Create 4 fun


I just realized that it is Friday today and that it is Saturday and Create 4 fun challenge tomorrow. I had made a card for the challenge but forgot to take a photo. Outside it was dark and the photo says it all. Never mind - here is my entry. Will try to get some better photos tomorrow.
The lovely lady I found on the internet - not sure where. Papers are Papermania. The gorgeous lace from a friend. I just love this lace - wish I had loads of it.

søndag 6. september 2009

Whiff of Joy #46

Endeleg eit kort igjen. Jobben tek meir tid enn eg frykta - det går dårleg med produksjonen. Har faktisk laga eit kort og ei øskje som eg gløymte å ta bilete av før dei fekk nye eigarar. kan ikkje skulde på ammetåke heller - yngstemann er 9 år. Vel, vel.

Eg har nytta skissa til Whiff of Joy denne veka. Ei enkel og god skisse av Bev. Eg har nytta kartong frå The Papermill Shop, DP frå Basic Grey, stash frå The HobbyHouse, tekst frå Simon says Stamp, blonder frå ein ven. Papiret bak er stansa ut med ein Martha Stewart punsh. Har brukt Cuttlebug embossing på det einsfarga papiret og deretter spraya det med Glimmer Mist 'Pearl'. Ikkje så godt å sjå på biletet. Har distressa motivet med 'Aged Mahogney' og resten med CatsEye. Eg bør ta eit fotokurs slik at eg kan ta betre foto enn det eg gjer no.

Innsidene er enkle.

Etter å ha sett over nokre utfordringsbloggar ser eg at A spoon full of sugar ser etter distressing og Charisma Cardz swirls, curls. Eg hiv meg på desse også sjølv om distressinga rundt motivet er vanskeleg å sjå på biletet.


**************
Finally a card again. Work takes more time than I feared. I have made a card and a box, but forgot to take photos. :-(
I have used Whiff of Joy's sketch #46. A simple and nice sketch to use made by Bev. I have used cardstock from The Papermill Shop, DP from Basic Grey, stash from The Hobby House, sentiment from Simon Says Stamp and lace from a friend. Have also used a Cuttlebug embossingfolder and a Martha Stewart punch. On the red/pink paper I sprayed with Glimmer Mist 'Pearl'. It's not so easy to see on the photo. Have distressed the motif with 'Aged Mahogney' and the rest with a CatsEye. I should take a photocourse so I can improve my photos.
The insides are quite simple.
After checking a few challengeblogs I see that A spoon full of Sugar are asking for distressing and Charisma Cardz for swirls, curls. I join both of these even thoug the distressing on the main motif is not easy to see.

søndag 16. august 2009

Freddie the Frog

Ei tid tilbake hadde Simon Says Stamp blogghopp der mange av deira eigne stempel vart nytta. Eg fall for desse froskane som ein i DT hadde laga så fint kort av. Tenkte at eg ville prøve noko liknande. Her er resultatet. Eg hadde tenkt at frosken i midten skulle vere oppned, men det gløymte eg :-(
Har nytta skissa til Moving along with time #8 . Det er den gamle Daisy & Dandelion utfordringa. No kan ein nytte alle slags stempel. Stamp with fun har 'Birthdays' som tema, Whimsy Stamps har 'Animals' og ABC har 'Anything goes (Animals). Då vart det fire utfordringar på eitt kort - ikkje verst.
I kveld har eg vore på bowling med familien og så har eg kutta ut mange nesties. No er dei klare til å verte stempla på. Kanskje får eg laga eit par kort i løpet av veka. Oppstarten av skuleåret brukar å vere travel, så vi får sjå.

*******************
Some time ago, Simon says Stamp had a bloghop where many of their own stamps were used. I fell in love with these frogs that one in the DT used. I wanted to try something similar. Here is the result. I have used Moving along with times' sketch #8. That is the old Daisy & Dandelion challenge. Now you can use any stamp you want. Stamp with fun has 'Birthdays' as a theme, Whimsy Stamps 'Animals' and ABC 'Anything goes (Animals). Then I managed four challenges - not bad going! I had one little downfall. I wanted the middle frog to be upside down, but forgot :-(
This evening we have been bowling and I have cut out lots of nesties. No they are ready to be stamped upon. Maybe I manage to do a few cards this week. The start of the schoolyear is normally busy, so we'll see.

lørdag 15. august 2009

Sunday Sketch and Stamp #8

Dette kortet laga eg etter Sunday Sketch and Stamp si skisse #8. Ei enkel skisse og eit enkelt kort. Dattera til venninna mi er snart 6 år og då tenkte eg dette kortet passa fint.
Det er lite produksjon for tida. For min del har det nye skuleåret starta og det er mykje som skal på plass før lærarane kjem måndag. Er heldigvis i rute.
No har eg rydda og vaska hus, så no skal eg sete meg ned å kose meg med litt kortlaging.

**************

This card is made after Sunday Sketch and Stamp's sketch #8. A simple sketch and a simple card. My friend's daughter is soon 6 years old and I thought this would be nice for her.
I don't produce a lot nowadays. For my part the new schoolyear has started and there is a lot to do before the teachers turn up Monday. Luckily enough I am on track.
Now I have tidyed and cleaned the house, so now I am going to sit down and relax and make a card.

mandag 10. august 2009

Vintage

Her er eit kort eg har laga på bestilling. Synest DP var så kjempefint-det er frå K&Co. Det var berre det at eg ikkje hadde andre papir som matcha. Heldigvis fann eg eit hjå Summer Driggs som passa fint. Så langt så godt. Eg hadde ei nydeleg blonde som eg har fått frå ein ven som passa perfekt. Så var det blomster... Sidan eg er relativt ny i dette gamet, har eg ikkje all verda av stash. Heller ikkje blomster som passa desse fargane. Då kom eg på pakken eg fekk frå Simon Says Stamp - der var dei perfekte blomane! Kor hærleg når slikt skjer. Eg har hatt på nokre tekster etter at eg tok bileta - også frå Simon Says Stamp.Here is a card I made to order. I think the DP is so lovely - it's from K&Co. It's just that I didn't have any matching papers. Luckily enough I found one to download with Summer Driggs that suited nicely. So far so good. I had some beautiful lace that I got from a friend that was perfect for the card. Then it was flowers - since I am quite new in this game, I don't have a great deal of stash. So no flowers in these colours. Thats when I remembered the parcel from Simon Says Stamp - there I had the perfect flowers. I just love it when this happens. I have added some sentiments after I took the photos - they were also from Simon Says Stamp.

Sugarbowl #16

Her er eit kort eg har laga til Sugarbowl #16 - Marlene si skisse. Dette stempelet er eit av mine favorittar - synest det er kjempefint. Eg har nytta papir frå MME. Kortet er allereie gitt til ein kollega som vart 60 år. Eg ser at bileta mine er heller dårlege. Det er pga. dårleg kunnskap om foto og lita tid. Nokon som har eit kjapt tips for å få fine bilete?
*****************
Here is a card I made for Sugarbowl #16 - Marlene's sketch. This stamp is one of my favourites - I think it is lovely. I have used papers from MME. I have already given the card to my colleague who turned 60 last week. I can see my photos are no good. That is down to poor knowledge on photos and little time. Anyone that has a quick tips for better photos?

Simon Says Stamp

Her kan du sjå alt det fine eg fekk i posten for nokre dagar sidan - ein pakke frå Simon Says Stamp. Dei har berre eit heilt enormt utval i butikken sin. Eg synest det er greitt å ha ein del tekster / små ord - bestilte tre forskjellige plater. Og så måtte eg berre ha uglene og froskane.
Eg fekk og ei gåve med dei - ein pakke med fine blomar. Då blei eg ekstra imponert. No er det berre å rydde tid til å kose seg med stempela.
*******
Here is all the nice stuff I recived in the post the other day - a parcel from Simon Says Stamp. The have a huge selection in their shop.
I think it's handy to have loads of sentiments - I ordered the different sets. And then I just needed the owls and the frogs.
I also got a gift with my parcel - a packet of nice flowers. I got very impressed with that. Now it's just to find time to play with my new stuff.

onsdag 29. juli 2009

Eit til babykort



Her er det andre babykortet eg laga. Også på dette nytta eg skissa til Simon Says Stamp. Har brukt litt andre papir, men motivet er det samme.
Here is the other babycard that I made. On this card I also used the sketch from Simon Says Stamp. I have used different papers, but the motif is the same. On the signpost is says 'newborn'.
Eg har dekorert innsida som er utfordringa hjå Stamptacular Sunday Challenge. Stamp with fun spør etter perler og det har eg inne i blomane som er retroflower.
I have decorated the inside which is the challenge at Stamptacular Sunday Challenge. Stamp with Fun are asking for pearls - I have used that in the middle of the flowers.
Ganske fint sløyfebånd som eg kjøpte på Nille.
A pretty ribbon I bought in Nille.

tirsdag 28. juli 2009

Simon Says Stamp # 13

To av tanteungane mine skal verte pappa i løpet av hausten, så eg tenkte det kunne vere greitt å lage opp nokre babykort. Planen var å lage to ganske like kort. Det fyrste kortet var eit makkverk å få til! Eg kutta feil mange gongar og måtte endre både her og der. Likevel er eg godt nøgd med korleis det vart sjåandes ut. Eg har nytta skissa til Simon Says Stamp #13 . Det var ikkje heilt etter skissa, men, men..Fargane går i kvitt og blått som er utfordringa hjå Colour Create Challenge # 23. Creative Inspirations Challenge spurte etter bling og det har eg og med.
Eg har fått litt tid kvar kveld til å styre med kort og det er så deileg. Eg brukar ganske lang tid på eit kort så det vert ikkje den store produksjonen. Kanskje nokon har tidsbesparande tips?
************************
Two of my nephews are going to be a dad this autumn, so I thought I better make some babycards. The plan was to make two similar cards. The first card was a pain to make. I cut wrongly I don't know how many times. Still I am quite pleased with the outcome. I used this week's sketch at Simon Says Stamp. I didn't follow it quite, but still..
The colours are mainly white and blue which is the challenge at Colour Create Challenge #23. Creative Inspirations Challenge asked for bling and I have that as well.
I have managed to get some time for cardmaking in the evenings and I love it. I am using quite a bit of time on each card so I don't have the greatest production. Anyone to share a tips on how to speed things up?

fredag 24. juli 2009

Blogcandy

No er eg tilbake frå sommarferie i England. Kjekt å vere der og få handle litt, men godt å kome heimatt også. Har ikkje fått laga noke kort enno, men har besøkt fleire bloggar. Kom då over nokre blogcandyar.
Daniel har hatt blogg i 1 år og feirar dette med ein kjempecandy. Han lagar flotte ting på ein tøff stil.
I am just back from my holiday in England. It was nice to be there and do some shopping, but it is also nice to be home again. I haven't made any card yet, but I have been bloghopping and have discovered som blogcandies.
Daniel have been having a blog for 1 year and is celebrating this. He is making great cards in a cool way.
Camilla har blitt DT hjå Magnolia og feirar med ein Magnolia-candy. Ho lagar dei nydelegaste kort - berre sjekk ut sjølv.
Camilla have become a DT at Magnolia and is celebrating with a Magnolia-candy. She is making the most beautiful cards - just have a look for yourself.

torsdag 9. juli 2009

Eit kort til systå


Fekk så lyst til å lage eit sommarkort til systera mi. Eigentleg skulle det vere eit 'Gratulerer med nytt hus' kort, men eg har ikkje noko motiv som passar, så det får vente. Kanskje nokon i bloggland veit om bra motiv til slikt?
Eg har nytta skissa til Dutch Dare Card Challenges #55, og sidan eg har nytta charms på kortet passar det og for Just Magnolia #12. Stempelet er frå det nye sommarsettet som eg fekk i posten i går.
I wanted to make a summercard for my sister. It should actually be a 'Congratulation with your new house'-card, but I don't have any motif that fits. Maybe someone in blogland can help me out?
I have used Dutch Dare Card Challenge's #55 sketch. I have used charms on my card so I can also join Just Magnolia#12. The stamp is from the new summerset that I got in the post yesterday.


tirsdag 7. juli 2009

Gutakort

Eg har nettopp fått nokre nye blokker med DP frå K&Co. Dei er kjøpt på The Hobby House. Kjempemange fine ark og so praktisk at dei matchar. Desse papira er frå 'gutablokka'. Det gjekk veldig greitt å lage dette kortet då eg slapp å bruke så lang tid på å finne passande papir. Eg har nytta skissa til Truly Scrumptious. Ekstra utfordringa var å bruke noko neglisjert - det vart dette kalendarstempelet. Whimsy Stamps har 'Birthdays' som tema og Charisma Cardz har 'Buttons' så eg deltek der og.
I have just got some new pads of DP from K&Co. I bought them at The Hobby House. Lots of nice sheets and so practical that they match. These papers are from the 'boypad'. It was easy to make the card when I had the matching papers. I have used Truly Scrumptious sketch # . My neglected stuff is my calendarstamp. Whimsy Stamps have 'Birthdays' as their theme and Charisma Cardz have 'Buttons' so I will join there to.

søndag 5. juli 2009

Rosa for bursdagsjenta

Dottera mi, Sofie, fylte 11 år laurdag. Jenteselskap på fredag og familieselskap laurdag. Inn i mellom fekk eg laga eit bursdagskort - det vart veldig rosa, men jenta vart nøgd.
Eg har nytta skissa til The Next Challenge #5.
My daughter celebrated 11 years Saturday. She had her friends over at Friday and the family on Saturday. In between this I managed to make a birthdaycard - very pink, but she was happy.
I have used The Next Level's sketch #5.
Innsidene er enkle. Synest papiret frå Bo Bunny var så fint at eg ikkje ville 'øydelegge' det. Eg har og nytta downloads frå Summer.
The insides are quite simple. I think the papers from Bo Bunny are so nice that I didn't want to 'ruin' them. I have also used downloads from Summer.

torsdag 2. juli 2009

Combo X 3

Eg er ikkje sikker kva utfordring eg tenkte på fyrst, men det vart ein kombinasjon.Eg nytta skissa til Just Magnolia #11 , temaet til Just Magnolia Tutorial Challenge #1 (distressing) og fargane til Simon Says Stamps (lemon, orange, applegreen, pink).
Ein kan tru eg ikkje har andre papir enn desse frå MME - har brukt dei veldig flittig. Synest dei er kjempefine og det at dei koordinerar er god hjelp no i starten. Dattera mi spurte i går om eg berre laga grøne kort :-D
Eg prøvde meg på distressing etter tutorial frå Kim - eg trur eg må øve meir:-) Det var no kjekt å prøve seg og eg skal ikkje gi opp.
I am not sure which challenge I had in mind first, but it ended up in a combo. I used Just Magnolia's sketch #11 , the theme for Just Magnolia Tutorial Challenge #1 (distressing) and the colours from Simon Says Stamp(lemon, orange, applegreen,pink).
You might think I don't have any other papers than the ones from MME - I have used them often. I think they are very nice and it helps me that they are co-ordinating. My daughter asked me yesterday if I only made green cards :-D
I tried to distress after Kim's tutorial - I think I have to practise more:-) It was nice to try and I won't give up.
Stempelet på innsida vart litt skeivt - sånn går det når ein får eit innfall etter at ein har limt saman kortet.
The stamp on the inside got a bit wonky - that should teach me for 'good' ideas after I have glued the card together.

tirsdag 30. juni 2009

Card for a sick child


Utfordringa denne veka hjå Simon Says Stamp er å lage eit kort til eit sjukt barn. Ikkje berre å lage, men også å sende det. Kjempegod ide. Eg har laga eit kort til ein gut som eg skal snarast sende avgarde. Den kule apa er frå Pink Gem Design. Eg har nytta skissa til Stampavie and More #49.
Elles kan eg melde om dårleg kortver på Sunnmøre. Sol og kjempevarmt. Deileg.
This weeks challenge at Simon says Stamp is to make a card for a sick child. Not only to make it, but also to send it. Brilliant idea. I have made a card for a boy which I am sending very soon. The cool monkey is from Pink Gem Design. I have used the sketch from Stampavie and More #49.

lørdag 27. juni 2009

Sketch Saturday #56

Eit seint innlegg dette her. Har laga eit kort som må sendast i morgontidleg. Nytta skissa til Sketch Saturday.
A late entry. I have made a card that has to go with the post tomorrow morning. I have used the sketch from Sketch Saturday.

torsdag 25. juni 2009

Jippi


I går kveld fekk eg ei kjempekjekk beskjed på bloggen min om å sjekke ut Bev si side. Det viste seg at eg hadde vunne bryllaupsstempela frå Simon Says Stamp bloghop. Gjett kven som var glad? No er det berre å vente på post:-)
Last night I got a message on my blog to check out Bev's blog. It turned out that I had won the wedding stamps from Simon Says Stamp's bloghop. Guess who was happy? Now I'm only waiting for the post:-)

fredag 19. juni 2009

Father's Day Card


Sidan svigerfaren bur i England laga eg eit Father's Day Card denne gongen. Eg nytte skissa til Sketch Saturday #55.
Since my father-in-law lives in England I made a Father's Day card this time. I followed the sketch to Sketch Saturday #55.

søndag 14. juni 2009

Release


I dag får ein anledning til å kjøpe dei nye og nydelege stempela til Whiff of Joy. I den anledning har Katharina ein blogcandy der ein kan vinne stempel frå denne kolleksjonen.
From today can you buy the new and lovely stamps from Whiff of Joy. Katharina is having a blogcandy where you can win stamps from this collection.

fredag 12. juni 2009

Whiff of Joy #

Eg har nytta WoJ si skisse for å lage eit kort til læraren til sonen min. Vi hadde klassefest med gave og kort. Det er Bev som har laga skissa og den er veldig enkel å nytte, spesielt når ein skal lage eit kort rimeleg kjapt. Eg oppdaga at båndet skulle lenger fram, men då var det forseint. Her er skissa

I have used Woj's sketch to make a card for my son's teacher. We had a classparty yesterday with a present and a card. It's Bev that has made the sketch and it's very simple to use. A good one when you are in a hurry. I realised thar the ribbon should be more in the front, but by then it was too late.

tirsdag 9. juni 2009

Stampavie & More #46


Denne veka er det Giò som har laga skissa til Stampavie & More. Eg synest det var ei kjempegod skisse å nytte og er ganske nøgd med kortet mitt. Det går opp og ned(sjå forige innlegg) :-)
Eg har og pynta innsida og deltek då også på Dutch Dare Card Challenge.
Dei flotte papira eg har nytta er downloads frå Summer. Ho har mange kjempeflotte sett som ein kan laste ned gratis. Ein har anledning til å gi ein donasjon til ei vennefamilie av Summer som har ei kreftsjuk datter. Du kan lese meir om dette på Summer sin blog.
This week it is Giò that has made the sketch for Stampavie & More. I think it is a really good sketch and I am pleased with my card. It's going up and down (hence my last entry):-)
I have also decorated the inside and that qualifies for Dutch Dare Card Challenge.
The lovely papers I have used are downloads from Summer. She has many great sets you can download for free. You are also given the opportunity to donate money to some friends of Summer who has got a daughter with cancer. You can read more about this on Summer's blog.




mandag 8. juni 2009

Combo

Eg laga dette kortet til ei utfordring med 'Fairies' som tema. Nytta A Spoon Full of Sugar si skisse 54 og Creative Card Crew har som tema 'Childrens card'. Fargane valde eg fordi Colour Create hadde 'Rainbow + a scene' som temai veke 18. Så langt alt vel. Det er berre det at eg likar ikkje kortet i det heile tatt. Eg droppa derfor den fyrste utfordringa. Hadde tenkt å kaste heile kortet. Men so seier dottera mi at ho synest kortet var sooo fint og at eg måtte sende det inn. Herved er det gjort, men eg likar det ikkje noko betre fordi :-)
I made this card for a challenge with 'Fairies' as a theme. I used A Spoon Full of Sugar's sketch #54 and Creative Card Crew's theme is 'Childrens card'. The colours did I choose because Colour Create's challenge #18 is 'Rainbow + a scene'. All well this far. It's just that I don't like the card at all. I therefore dropped the first challenge. I was planning to throw the card in the bin, but my daughter thought the card was sooo nice and that I had to enter it. I have hereby done that, but it won't make me like it:-)

onsdag 3. juni 2009

Charisma Cardz #21


Denne veka er det 'dots, circles' som har vore tema hjå Charisma Cardz. Eg har fått laga eit kort til ein onkel i England. Han er snikkar, så det passa godt med litt verkty på.

This week it is all about circles, dots at Charisma Cardz. I have made a card for an uncle in England. he is a carpenter, therefore the tools.

søndag 31. mai 2009

Tante på 90 år


I går var vi i selskap til tanta mi på 90 år! Ho held seg kjempegodt og eg håpar på gode gener;-)

Eg ville gjerne lage eit kort med portrett av henne på. Dette biletet er tatt for omkring 70 år sidan. Ho vart både glad og stolt over kortet sitt.

Eg prøvde fleire skisser for kortet, men enda opp med Eisbarentraume si skisse til blogcandyen - dette er ei skisse som er veldig enkel å nytte.

Sidan A Spoon Full of Sugar har som tema 'lace' vil eg delta på den, i tillegg til ABC (pearls) og Creative Card Crew(pretty flowers).

Yesterday I was in a party to my auntie who is celebrating her 90th! She is still going strong and I am hoping for good genes ;-) I wanted to make a card for her with her portrait on. This photo is about 70 years old. She was both happy and proud of her card.

I tried many sketches for the card, but ended up with Eisbarentraume's sketch for her blogcandy - this is a simple sketch to use-

Since A Spoon Full of Sugar are having lace as their theme this week, I will take part there. I will also join ABC (pearls) and Creative Card Crew (pretty flowers).