I dag fekk eg eit gløtt av sola, det inspirerte meg til å lage eit kort med sommarfeeling. I går og i dag har eg fargelagt fleire motiv med distress ink, dette motivet er eit av dei.
Eg turde ikkje pynte så mykje, då papiret er vel nok i seg sjølv.
Eg tek del i desse utfordringane:
Creative inspirations: Summertime
Crafty callendar: Wather theme
Anonyme scrappere: Sommar
Sketch N' Stash: skisse. (My neglected item is the hat-charm. I have had them for ages, but never used them).
Kortgleder: bruke dies
I ettermiddag har vi vore i Ulsteinvik og handla. Gjorde meg nokre varp på Mestergrønn. Kjøpte meg fleire planter og krukker.
På Nille hadde dei mange stearinlys til 70% - kjøpte nokre til samlinga. Kjekt å ha.










































