lørdag 30. juli 2011

Olsokmarkering

olsok. Olavsdagen, norrønt Olafsvaka (av 'nattlig gudstjeneste før store kirkelige høytider'), kirkelig festdag, 29. juli (eg. kvelden før), Hellig Olavs dødsdag, den viktigste norske kirkefest i middelalderen. I 1930 ble olsok feiret som 900-årsfest i Verdal og Trondheim og alle landets kirker; siden 1930 har olsok vært offisiell flaggdag.
På primstavene har olsok nesten alltid en øks som merke. Dagen var en viktig merkedag for været og kornhøsten. I Hordaland ventet man et skifte i været da. Våt olsok varslet våt høst, fin olsok varslet godt høstvær. Var det kaldt, kom kornet til å fryse, het det i Salten, og som været var olsok, ville det bli vinternettene, sa man på Sunnmøre.
Store Norske Leksikon


Det var vel ikkje den tradisjonelle grunnen til at vi møttast i Lisjeneset denne gongen. Vi hadde besøk langvegsfrå og ville gjerne samlast. Tantene og nokre av syskenbarna var der og.
Vi kosa oss med grillmat, kake og vafler.








Nokre tøffingar hadde vi og blant oss. Dei tok sjansen på å bade i det heller kalde vatnet.






Kaldt....





fredag 29. juli 2011

Ny sekk til sommarturen


Sjå flotte sekken som fadderguten min  fekk med seg på sommarferie. Det er Nille som har nokre flotte skulesekkar, som også kan brukast til feriesekk. Fadderguten min skal ikkje ta til på skule før til neste haust, men eg tenkte denne var super for han no også. 
Flott at den har regntrekk - trur vi treng det heile året.


Sidan han er ein ekte fotballgut, passa sjølvsagt motivet perfekt. Og kanskje det beste - prisen ... under 200 kr! Slå den.


Det blir kjekt å høyre korleis han synest gåva var. Kanskje må vi på Nille å kjøpe anna skuleutstyr slik at vi kan leike skule eit års tid? ;-) Dei har i allefall mykje fint.

mandag 25. juli 2011

Vi har fått ein Kompis

Ein fin, liten, brun ein. Typen er rosettmarsvin og han (eller ho;-)) er kjempesøt. Det var bursdagsgåva til jenta i huset. Ho ynskte seg laptop, marsvin eller geit! Vi vurderte alle tre forslaga og enda med marsvinet.





Kompis likar veldig godt jordbær og vannmelon, så han passar perfekt inn i familien.

Det å ha eit dyr inneber mykje ansvar for eigaren. Sofie har ikkje vore like begeistra når ho må plukke opp bæsj eller tiss, men det og høyrer med.

søndag 24. juli 2011

Små gleder på bygda


I dag har kongeskipet ankra opp i Tjørvågane. Det er ikkje kvar dag vi har så prominente båtar inn på vika, så ungane og eg tok oss ein tur for å sjå på båten til Kongefamilien. Midt i skoddeeimen låg den. 


Vi fekk tatt nokre bilete, men skodda kom sigandes og med eitt var skipet heilt vekk.


Det har vore skodde stort sett i heile dag. Familien tok turen til Hornseten . Det var ein fin tur til trass for tidvis dårleg sikt.



Lukka er blåbær på strå.


Ungane er litt 'kvakk-kvakk'. Har ikkje meir moro enn ein finn på sjølv.


 Vi brukar å ta familiebilete på dei fleste toppane vi går på. Desse bileta er nokre av dei kjekkaste bileta våre. Sjølvutløysaren på kameraet er god å ha.

Etter fjellturen tok vi oss ein tur på Herøy Fritidsbad. Det var ein herleg slutt på utflukta vår. 

Berre trist


Det som har skjedd i Oslo og på Utøya er så ufatteleg trist. Så mange unge menneske som måtte oppleve ei slik frykt.Sjølv om eg ikkje er direkte berørt, er vi alle berørte. Tankar og bilete dukkar ofte opp -korleis kan det då vere for dei som opplevde det?
Eg tenkjer på dei som ikkje fekk heim sin kjære og på dei som no har tunge dagar føre seg. Eg håpar dei kan få all den hjelp dei har behov for.

Mørke kan ikke drive ut mørke,
bare lys kan gjøre det.

Hat kan ikke drive ut hat,
bare kjærlighet kan gjøre det.

~Martin Luther King jr~

mandag 4. juli 2011

Summertime?

Skal tru om denne søte jenta med blomster kjem med korga full av sommar? Det hadde ikkje gjort noko. 
I går var vi på fotball-cup i Stordalen. Då fekk vi kjenne på sola - deileg. Gutane gjorde det godt og vi hadde det kjekt.


Inn i kortet har eg nytta 'Butterfly' punch frå Martha Stewart - no er den øydelagd. Veldig irriterande då eg synest den er så anvendeleg. Må nok til å kjøpe ein ny.




Det er mange utfordringar som etterspør sommar denne veka. Eg er med på desse:

Bearly mine challenge: Summer is here
Secret crafter: Here comes summer
MAWTT: Here comes the summer



søndag 3. juli 2011

Den store dagen


Anonyme scrappere har 1- årsdag og har i den anledning ei utfordring / blogghopp. Temaet er den store dagen. Jenta mi er 13 år i morgon og det er ein stor dag. Eg har laga ei 'eksplosjonsboks' til henne.



 Fann nokre gamle bilete av henne og blanda det med litt pynt og tekststempel. 


Ville ikkje ha så mykje pynt, synest papira frå MME var veldig dekorative. Passa fint til prinsessa mi. 


Det andre av dei lilla





Her kjem tvillingkortet til 'lilla overdose'. Både motiv og papir er av Gudrun Loennecken. Blomane har eg bestilt frå Wild Orchid Crafts. Der har eg og kjøpt ein fantastisk lim - Collall all purpose glue. Den limer veldig godt, men ikkje før du har fått retta på både papir og blomar. Kan i allefall ikkje skulde på limet viss det ser litt skeivt ut.

Anbefalast!

Eg tek del i desse utfordringane med kort nr 2:

Vintage udfordring: bruk minst 3 dies/puncher (eg har brukt 3 MS punchar: Traditional scallop, Layered arches og hjørnepunchen til layered arches)

Kort o mania: Anything goes

Dorullkort


Har sett slike kort på fleire bloggar og fekk lyst til å prøve. Det var veldig kjekt med noko anna. Kjem til å lage fleire. No har eg samla dorullar til å lage mange.


Dette kortet fekk læraren til dattera mi - trur det fall i smak.


Eg tek del i desse utfordringane:
Cards for men: Stars (er veldig glad for stjernepunchen eg har kjøpt - synest den er tøff. 
Stjerneknappane kjøpte eg på knappemarkedet i Pusan).

Allsorts: Free and easy

Jonsokfeiring

Det blei ikkje mindre enn 3 jonsokfeiringar i år. Torsdag på skulen i regi av idrettslaget, fredag i Kalveneset og laurdag i Lisjeneset.




 I Kalveneset har vi tradisjon med fantetog, bryllaup, bålbrenning m/heks og natt-fotball. Spesielt fotballkampen  er populær - vi spelar vaksne mot barn. Ofte kjem det forsterkingar frå andre grender, slik også i år. Som de ser er og dei finare damer frå Kalveneset med.




I Lisjeneset er det 'familiefeiring'. Både store og små samlast for å grille og drøse. Det var til og med skipa til tombola. Nokre prøvde og fiskelukka - småtorsk var det dei fekk på kroken.







 Vi hadde ein fin laurdagskveld, men det var ikkje spesielt varmt. Likevel var det nokre våghalsar som ville bade. Dei var nesten like kjappe opp av vatnet som dei var i vatnet, men tøffe er dei.





Dette er ei veke sidan, sommarvéret let fortsatt vente på seg. Meldingane er dårlege framover, men dei har eg bestemt meg for å ignorere:-)