Trudde eg vart for sein for ei utfordring igjen. Heldigvis såg eg at eg rakk det. Kjekt å vere med. Eg har nytta skissa til Friday Sketchers #70 . Papiret eg har nytta er Basic Grey 'Lemonade', så eg tek del der og. Der måtte ein i tillegg ha embossing, og det har eg brukt Cuttlebugen til. Stamp Something spør etter favoritt papir / fargar. Det har gått mykje i rosa og grønt. Det var det. Ikkje verst for noko i siste liten.


Endeleg eit kort igjen. Jobben tek meir tid enn eg frykta - det går dårleg med produksjonen. Har faktisk laga eit kort og ei øskje som eg gløymte å ta bilete av før dei fekk nye eigarar. kan ikkje skulde på ammetåke heller - yngstemann er 9 år. Vel, vel.
Etter å ha sett over nokre utfordringsbloggar ser eg at