mandag 23. juli 2012

Mappekort


Her har eg laga eit mappekort. Det vart laga som sommargåve til lærarane til kidsa.



Fylt med litt energi :-) 
Kanskje burde lærarane fått det midt i skuleåret? Ein treng i allefall litt 'staying-power' når ein har slik jobb. Ved nærare ettertanke - det skal vel meir enn sjokolade til, men at det hjelper trur eg nok.

søndag 22. juli 2012

Eit anna bryllaupskort



Her er eit kort som ikkje er heilt nytt. Eg laga det til ein kar eg er tante til, då han gifta seg. Det er kjekt å lage bryllaupskort. Motivet er frå Simon Says Stamp - dette settet vann eg i ein bloghop dei hadde for leeenge sidan. Eg har embossa motivet og varma det opp - fin effekt. Bak har eg tørr embossa med hjelp av ei Cuttlebug plate.

Litt av kvart av gamle kort



Eg har i grunnen laga ganske mange kort, har berre ikkje vore så flink å publisere. Derfor kjem det nokre på rappen her. Dette kortet laga eg på bestilling. Synest papira er så fine, dei er blant mine favorittar. Dei kjem faktisk frå Nille. Har kjøpt ein del ark derifrå. Dei har og ein del fint pynt.




Trifold-kort er kjekke å lage og dei gjer mykje av seg. Har laga flest til gutar, men også nokre til jenter. Dei blei faktisk veldig fine. Har ikkje fått lasta dei ned enno. 




Her er ein fin gåveide - telysbokser. Kjekt som ei lita veninnegåve.
Veldig enkelt pynta, men la gå!






Bryllaupskort


Fekk bestilling på eit bryllaupskort. Synest dette fine biletet er så fint. Når eg lagar bryllaupskort, har eg dette verset i tankane:

Something old, something new
Something borrowed, something blue
And a silver sixpence in her shoe.

Old: sangteksta (frå ei gammal skulebok)
New: pin
Borrowed: biletet
Blue: roser og perler

Har desverre ikkje nokon sixpence - dei slutta dei å bruke i 1967.

onsdag 18. juli 2012

Kort til 60-års jubilant


På søndag feira vi broren min, Jostein, som vart 60-år måndag. Han er ein kjempekjekk og snill kar som held seg godt for alderen.


Likevel fekk han nokre hjelpemiddel 'just in case' - briller og barne-spisepinnar. Kjem sikkert godt med :-D


Eg laga eit kort til han med eit bilete frå då han var liten. Her er han saman med Mariann, Terje, mamma og pappa. Eit nydeleg bilete, synest eg. Elles pynta eg kortet med ting som eg synest representerer jubilanten.



Syskjenbarntreff

Sist helg var eg på syskjenbarntreff på Lisjenesbuda.


Det var syskjenbarna på både mamma og pappa si side, så her hadde vi folk frå Hundsnes og Lillenes slekta. På menyen fredag var det reker.


Den yngre garde synest det var kjekt å fiske - det vart fleire makrellar på dei.




Som takk til arrangørane hadde Marit og Terje kjøpt gåver som dei kan bruke ved ei seinare anledning - skalldyrsett.


Laurdagen for vi på busstur.


Fyrste stopp var Ishavsmuseet Aarvak på Brandal. Lillenes-slekta har lange tradisjonar innan ishavet, men på Brandal var det den bygda si lange ishavshistorie som vart vist fram. Oldemora vår på Lillenes-sida, Oline, kom frå Brandal.












Denne skuta heiter Aarvak. Den har dei bygd eit spesialkonstruert hus rundt. Det var kjekt å få kome ombord å sjå korleis det såg ut på ei ishavsskute. Aarvak er frå 1912. Eine onkelen min var stuert ombod her.







Det var trang om saligheita for mannskapet. 


Her er mine tre brødre og dei tre 'gutane' frå Kyrkjesæterøyra. 
Broren min Terje kom heilt frå Korea for å vere med på treffet.



Etter at vi var ferdige på Brandal skulle vi køyre rundt Gurskøya, men vi for fyrst opp på Drageskaret. Der hadde vi lunch og naut utsikta. 


Nydeleg spekemat med tilbehør.






I det gule huset budde besteforeldra mine på Hundsnes-sida etter at huset deira brann. Herifrå flytta dei inn til Hauge der dei etterkvart bygde opp nytt hus - i mur.


 På kvelden var det grillings og kos i Lisjeneset.













Kurt arrangerte både konkurranse og leik - veldig populært.


Ka konkurranseinstinkt...


Skal tru kva som går føre seg  her...